

Stor gåve frå Sparebanken Norge til Finnås Sportsklubb
Finnås Sportsklubb har fått tildelt heile 260 000 kroner frå Sparebanken Norge sine prosjektmidlar!
Gåva gir klubben eit solid løft i det vidare arbeidet med å oppgradere og halde ved like anlegget vårt.
Gjennom mange år har klubben lagt ned ein enorm innsats for å skape eit endå betre tilbod på idrettsanlegget. At anlegget no vert meir nytta enn nokon gong før, viser at arbeidet ber frukter.
Sidan drifta og administrasjonen i klubben vår vert driven utelukkande av frivillige eldsjeler på dugnad, er me heilt avhengige av økonomisk stønad utanfrå for å kunne realisere dei store løfta.
Sparebanken Norge har over tid vore ein heilt uvurderleg bidragsytar for klubben. Denne fantastiske tildelinga gjer at me kan halde fram med viktige og naudsynte oppgraderingar som vil kome medlemer og lokalmiljøet til gode i lang tid framover.
Me rettar ein hjarteleg og stor takk til Sparebanken Norge for at dei har trua på det me gjer, og for at dei støttar opp om det frivillige engasjementet på Finnås!
