

Seriehelg for dei yngste
Søndag 26. april var det eit yrande liv på Våge idrettsplass då det var FSK sin tur til å arrangere seriehelg for dei yngste fotballspelarane.
Tradisjon tru spelar ikkje dei yngste fotballspelarane våre vanleg serie. I staden arrangerer kvar av klubbane på Bømlo seriehelgar der ein kjører eit intensivt kampoppsett med 12 minuttars kampar.
Heile 20 lag var påmeldt, og frå kl 12:00 til 14:30 vart heile 30 kampar spela på dei 3 banane som var rigga opp.
Det har vore ein iskald nordavind over Bømlo heile veka, men denne søndagen slapp den heldigvis taket, og det vart nokre flotte og kjekke timar for dei 60-70 spelarane, foresatte og besteforeldre som hadde tatt turen.
Denne seriehelga vart òg første spretten for fleire av dei nye klubbdommarane våre som var heilt nyutdanna. Dei fekk god lyd i fløyta og losa spelarane fint gjennom dei mange kampane.
