

Ein velfortent avslutningsfest for idrettsgleda
Tradisjonen tru inviterte trenarane til avslutningsfest for dei aldersbestemte klassane i Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag i Langevåg Bygdatun. Rundt 160 utøvarar og trenarar var samla til ein kjekk kveld med pizza, brus, pokalutdeling og godt fellesskap.
Det er imponerande å sjå kor mange barn og unge som deltek i idretten i bygdene våre. Bak kvar einaste pokal ligg det mange timar med aktivitet, idrettsglede, meistring, samhald og utvikling. Me har all grunn til å vere stolte av dei flotte utøvarane våre og det idrettsmiljøet me saman har skapt.
Eit slikt aktivitetstilbod kjem ikkje av seg sjølv. Gjennom heile året legg trenarar, lagleiarar, føresette og andre frivillige ned ein formidabel innsats for å skape trygge, inkluderande og kjekke møteplassar for barn og unge. Verdien av dette arbeidet strekkjer seg langt utover det reint sportslege.
Kvelden fekk ei flott avslutning då utøvarane gav trenarane og lagleiarane ein velfortent ståande applaus – ei fin anerkjenning av alle timane dei legg ned for fellesskapet.
Me er stolte av det me får til saman i bygdene våre, og takksame for alle som bidreg til å gjere det mogleg.
Tusen takk for ein flott sesong – og for at de er med på å skape idrettsglede, meistring og fellesskap!

