Søndag var det Finnås Sportsklubb sin tur til å arrangere 3v3 Cup for dei aller yngste laga på Bømlo.
Det var haustvær på Våge denne søndagen, men det hindra ikkje spelarane frå å levere ein solid innsats på dei 3 banane som var satt opp på kunstgraset.
Kiosken var open og det gjekk ut store mengder pølser, vafler, popcorn og anna snack.
Det er kjekt å arrangere cup, og ein del frivillige trengst alltid for å gjennomføre. Takk til arrangemenstgruppa som stillte med kioskvakter, trenarane som arrangerte cupen og ikkje minst dei flinke klubbdommerane våre som tok seg av kampleiing.
Comments