top of page

Historisk volleyballhending

Forrige helg var Volleyball 11-13 år i Frekhaughallen i Bergen og deltok på turnering

Emilia, Sofie, Ella, Kari, Mari og Nora klare til aksjon i Frekhaughallen
Emilia, Sofie, Ella, Kari, Mari og Nora klare til aksjon i Frekhaughallen

Me har ikkje faktasjekka, men stoler på magefølelsen og kallar dette ei historisk hending. Me må nemleg heilt tilbake til 90-talet for å finne ein volleyballkamp som vart spela med FSK logo på drakten.


Ein av dei grunnleggande verdiane til ein breddeklubb er å legge til rette for at utøverar skal få moglegheit til å prøve ut og få meistre ulike aktivitetar. Dette kan vere utfordrande då det er mange konkurerande aktivitetar både innad i klubben og frå andre aktørar. Saman med begrensa ressursar både på tid, bane og støtteapparat er det ein krevande kabal som skal gå opp. I FSK har me løyst dette ved å ta ned treningsaktiviteten litt i andre greiner i vinterhalvåret for dei som ynskjer å prøve ut volleyball.


Finnås SK stillte med 2 lag denne helga, 3 spelarar på kvart lag, der kvart av laga spela 4 kampar. Dei kunne returnere til Bømlo med både sigrar og tap.


For klubben er det fantastisk kjekt å kunne tilby eit allsidig utval av idrettar, og volleyball er definitivt ein av dei me håpar kan få ein god oppsving framover.

Sjå meir bilete frå turneringa i karusellen under.



Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page