top of page

Ny samarbeidsavtale med Bømlo IL

Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag har i dag inngått ny 3-årig samarbeidsavtale som gjeld for alle aldersfastsette klassar i fotball.

Finnås/Bømlo G7 under årets seriehelg på Våge Idrettsplass

Avtalen omfattar samarbeid om lag, trenarar, dommerar, lokalitet og administrasjon i barnefotballen i dei respektive klubbane i 2025, 2026 og 2027 sesongen.


Hensikten med avtalen er å skape eit best mogleg heilskapleg fotballtilbod til born og unge i bygdene, der Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag består som sjølvstendige klubbar med sine respektive medlemmer.


Avtalen byggjer videre på samarbeidet klubbane har hatt dei tre siste sesongane. Me kan sjå tilbake på 3 år med gode samarbeidsforhold og gode resultat som fylgje av samarbeidet, og var difor ikkje i tvil når det no var tid for å fornye avtalen.


Idrettslaga er særs viktige for begge bygdene, og er dei største frivillige organisasjonane i dei respektive bygdene. Det har vore viktig for oss å få til ein avtale som likestiller klubbane, og på denne måten klarar begge partar å komme styrka ut som fylgje av samarbeidet.


Avtalen vil sikre at begge klubbane vil kunne oppretthalde eit godt og hensiktsmessig tilbod til alle som ynskjer å spele aldersfastsett fotball i dei to klubbane. Ein legg nivået slik at alle som ynskjer å delta får moglegheit til dette, samstundes som ein aktivt skal bidra til å også ivareta dei aller ivrigaste. Klubbane skal saman arbeide mot “flest mogeleg - lengst mogeleg - best mogleg.”


Me gledar oss stort til dei kommande sesongen med masse god barnefotball på Våge Idrettsplass og Langevåg Idrettsplass.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page