top of page

Seriemeister i 100

Laurdag reiste A-laget til Halsnøy for å spele sesongens siste kamp. Sjølv om opprykket allereie er sikra handla kampen om seriemeisterskapet, så her var det alt å vinne.


Med på laget også denne gongen var bautaen og målmaskinen Guttorm Kallevåg. Før dommaren bles av kampen kunne Guttorm notere ned scoring nr. 24 denne sesongen og er dermed toppscorar i ligaen. Som om ikkje det var nok spela han også kamp nr. 100 i Finnåsdrakten. Me gratulerer Guttorm med tittelen årets toppscorar i kamp nr 100 som sikra seriemeisterskapet.


Guttorm Kallevåg med beviset på 100 kampar i Finnåsdrakten

Referat frå kampen les du på A-laget si Facebookside. Referata frå denne gjengen er så bra at det er slett ikkje naudsynt å prøve seg på noko liknande, men litt stemningsrapport frå gjengen må me likevel ta med. Høyr berre her:


Finnås stuar bussen full. Heile 40 supporterar var med til Halsnøy. For å sitere frå A-laget sitt referat: "KFUM var på Brann stadion med 18 stk." Me er mektigt imponert og rørt over engasjementet til laget, støtteapparatet og supporterane.


Ein dag full av bragder og rekordar. Jonas Sønstabø Helland får også notert seg på scoringslista og endar dermed med 21 mål i sesongen. Det er nok til ein fin 2. plass på scoringstabellen. Me gratulerer.


Referat frå kampen les du på A-laget si facebookside.



Sidan gutane vart seriemeistrar er ikkje sesongen over enno. Enno tøffare kampar ventar i kretsmeisterskapet, men det skremmer nok ikkje denne gjengen. Me gledar oss til å følge med utover hausten.




Tags:

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentários

Avaliado com 0 de 5 estrelas.
Ainda sem avaliações

Adicione uma avaliação
bottom of page